mandag 4. august 2014

Rånåkollen 1.160 moh

Av Karoline Aarskog

Frå hytta vår ser vi rett mot Rånåkollen. Sida vi kjøpte tomta i 2012 har vi hatt i tankane at vi måtte ta turen, men har til no våre for opptatt med hyttebygginga. No i sommarferien hadde vi både tid og muligheit, vi pakka sekken og la i veg.

Rånåkollen er ein koll med topp 1.160moh. Vi hadde høyrt at det var bratt der og ikkje heilt sikre på om vi kunne kome oss til topps med barna, men pakka med oss drikke, nistemat og mykje sjokolade i sekken og tenkte gå så langt det var forsvarleg.
Det viste seg å ikkje være bratt i den forstand eg tenker på, men det var god stigning med god sti og ein fin tur for både barn og voksne.

Vi kjørte til Rånå (skilta frå hovudvegen) og parkerte bilen på ein liten parkeringsplass på toppen (nadafor eit lite raudt hus) litt etter skiltet som viser stien mot Rånåkollen.


Vi gikk gjennom gardstun/på gardsveg i starten og etterkvart vidare på innmark. Det var godt skilta og vi følgde skiltinga og gikk langs gjerdet. oppover.

På toppen av gjordet var det flott utsikt og fint for små føter å få ta den første pausa. Nydelig utsikt nedover dalen i retning Lesja.


Vidare var det rås gjennom skogen. Det vart raskt ganske bratt motbakke oppover, men ikkje verre enn att det var greit å gå både for store og små. Vi gikk rolig og det var godt å ha ei hand å holde i og etterkvart ein rygg å sitte på for minstemor når motbakken vart for tung.


Ute av skogen flata det etterkvart litt ut og det var eit fint stykke opp mot toppen.

I motbakken var det viktig med motivasjonspauser med sjokolade og god utsikt.


Det var nydelig utsikt heile vegen oppover.

Utsikta var aller best på toppen ;)
På toppen blåste det friskt denne dagen, så vi var glade for at vi hadde pakka med nokre ekstra jakker i sekken. Dei var gode å ha på toppen.

På nedturen hadde dei små føtene fortsatt litt energi og det gikk raskt nedover traktorvegen.


Vi brukte ca 3 timar t/r - Dette var i tempoet for to voksne og barn på 3,5år og 7år. Mange pauser og roleg tempo. Ein tur som kan anbefalast alle som klarer litt motbakke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar